Rauland · Interesseundersøking

Ein treningsmøteplass i Rauland?

Eg vurderer å skape ein samlingsplass for fysisk aktivitet i Rauland — ein stad der me kan røre på oss saman, slå av ein prat og kjenne at me høyrer til eit fellesskap. Tanken er trening og samhald i same rom: ei sitjegruppe med prat og kaffi etterpå, faste dagar og tider for ulike grupper, og tilrettelegging for dei som ønskjer hjelp til å kome i gang.

Dette handlar om meir enn eit styrkerom. Det er ein møteplass der ung og gamal kan møtast, med eit treningsfellesskap der treninga er felles for begge kjønn — og med eigne gruppetimar for damer og menn der innhaldet er tilrettelagt for dei litt eldre. Det er også smågrupper som deler ein time, og plass til dei som berre vil ha nokon å prate med etter treninga. Kvifor eg spør: eg treng svar om interesse og betalingsvilje for å avgjere om det er grunnlag for å bruke tid og krefter på å utvikle tilbodet vidare.

Eg er også på utkikk etter samarbeidspartnarar til prosjektet, og eg tek gjerne imot tips om eigna lokale i bygda — både frå dei som eig eller kjenner til eit mogleg lokale, og frå dei som vil vera med på å utvikla tilbodet.

Undersøkinga kjem før eit eventuelt etableringsarbeid. Ingen lokale eller opning er bestemt.

Du kan hoppe over spørsmål. Berre tilknyting til Rauland og godkjenning av bruk av svaret må fyllast ut.

Kva tilknyting har du til Rauland? (må svarast på)