Rauland · Skjema for bedrifter
Treningsmøteplass for dei tilsette dykkar?
Eg kartlegg grunnlaget for ein treningsmøteplass i Rauland — trening, prat og kaffi i same rom, med faste dagar for grupper og tilrettelegging for dei som vil kome i gang.
Dette skjemaet er for deg som kan svare på vegner av ein arbeidsgjevar. Det er halde heilt skilt frå undersøkinga blant fastbuande og hyttefolk, slik at talet på innbyggjarar ikkje blir blanda med bedriftssvar. Her er det de som er kjøpar for dei tilsette, ikkje ein enkelt person som trenar.
Me vil finne ut om det er grunnlag for å spørje om ei avtale der arbeidsgjevar betaler ein månadspris per tilsett. Inga avtale kan teiknast enno: ingen lokale er avklart, ingen prisar er vedtekne, og ingen etablering er vedteken.
Du kan hoppe over spørsmål. Berre bedriftsnamn og godkjenning av bruk av svaret må fyllast ut.