Trening og samhold i same rom
Treningsutstyr til vanleg bruk — og ein sitjegruppe med prat og kaffi etterpå. Begge delar er like viktige for at dette skal bli ein stad ein faktisk kjem tilbake til.
Rauland · Kartlegging
Fjellpulsen er ein treningsmøteplass i Rauland — eit rom der ein kan trene, slå av ein prat og kjenne at ein høyrer til. Ikkje berre eit større styrkerom.
No kartlegg me interesse og betalingsvilje. Først når svara foreliggjer, blir spørsmålet om lokale, utstyr og etablering vurdert.
Eg som står bak: Jan Vidar Skulestøyl · Rauland · les meir

Eit treningstilbod åleine gjer ingen møteplass. Det er faste treff, prat etterpå og plass til den som treng litt hjelp for å kome i gang, som gjer at folk blir verande.
Treningsutstyr til vanleg bruk — og ein sitjegruppe med prat og kaffi etterpå. Begge delar er like viktige for at dette skal bli ein stad ein faktisk kjem tilbake til.
Ulike grupper får sine faste treff, slik at ein veit når nokon er der. Det er fastleiken som gjer det til eit fellesskap og ikkje berre eit rom.
Treninga er felles. Eigne gruppetimar for damer og menn er eit tilbod om innhald som passar, ikkje eit skilje — alle er velkomne, og alder er ikkje noko skilje.
PT ved behov og smågrupper på 3–4 som deler ein time, for den som vil ha hjelp til å kome i gang eller kjenne seg tryggar i startfasen.
Bygda og gjestene er ulike grupper med ulike behov. Difor spør me dei kvar for seg, og tel svara kvar for seg.
Om du ville brukt ein treningsmøteplass i bygda, og kva eit månadsmedlemskap til 399, 449 eller 499 kr betyr for deg.
Kor mange veker du er her, og kva slags tilbod og pris som ville passa deg.
Om du ville trent medan du er på besøk, og kva ein enkeltøkt, eit vekepass eller ein fleirdagspakke må koste for at du vel deg det.
Prisane er til kartlegging. Ingen pris er vedteken.
1
Under tre minutt. Du kan hoppe over spørsmål — berre tilknyting til Rauland og godkjenning må fyllast ut.
2
Fastbuande, hytteeigarar og gjestar blir telde kvar for seg. Interesse er ikkje bindande medlemskap.
3
Med svar i hand blir det mogleg å sjå på eigna lokale og hente inn tilbod på utstyr.
4
Berre med dokumentert betalingsvilje går me vidare. Ellers stoppar me her.
Eg er Jan Vidar Skulestøyl, og bur i bygda. Eg har trent i det vesle styrkerommet som finst frå før i fleire år, og har snakka med mange som saknar både ein stad å røra seg og ein stad å slå av ein prat. Det er dette eg prøver å få til.
Eg har ingen utdanning eller kurs innan trening og helse enno — det er noko eg vurderer å ta. Til gjengjeld har eg trenast heile livet, hatt eigne skader og lært av dei. Den erfaringa brukar eg til å hjelpa folk i gang, og til å ta praten om skadar og helseutfordringar før dei blir eit problem.
Eg veit av erfaring kva eit slikt tilbod kan bety, og kor viktig forebygging av helse er. Terskelen for å kome i gang kan vera høg — ein treng litt motivasjon, og det å sjå at det er heilt greit å ikkje kunna alt og å spørje om hjelp.
Difor skal dette vera ein stad for alle — ikkje berre for dei som skal bygge kropp eller springa raskast.
Lurer du på noko, kan du ringe meg, eller skrive i feltet «Tips og kontakt» i undersøkinga. Då ser eg kva folk vil, og eg svarer.
Eg er på utkikk etter samarbeidspartnarar til prosjektet, og tek gjerne imot tips om eigna lokale i bygda — både frå deg som eig, frå deg som kjenner til ein mogleg lokal, og frå deg som vil vera med å utvikla tilbodet.
Skriv det i feltet «Tips og kontakt» i undersøkinga, eller ring 948 66 193. Kontaktinformasjonen din i skjemaet er frivillig, og berre for deg som ønskjer å bli kontakta.
Skriv eit tips